lørdag 31. januar 2009

No shots, no fun?


Kamilla 20 år

I drosja på veg til vertsfamilien kom vi i prat me en David fra rundt om kring. Han vart litt overraska da vi sa kor gamle vi var, og at vi skulle oppholde oss i California i 3 mnd. No starta vi å skjønne ka han meinte. Greit nok, falsk leg e populært hos mange, men vi har ikkje det.. Det meste som foregår etter klokka 8 på kvelden inneheld øl, shotta og folk over 21 år.
Arti, arti når en skal feire 20 års dagen sin, sant? Jepp.

Bursdagsbarnet har nettopp shotta en kopp me is, og ellers tyte om at ho har lyst på en venn me bil. Du skjønna, vi råna rundt me buss i knappe 2 tima per dag pga MTS her i byn. Ånei ånei, no høres det ut som klaging her..

Alt i alt, vi har det fortsatt like finfint, og i mårra skal vi til dyreparken, verdas største så langt eg veit:)

Slenga ut et bilde eg tok i går, mest pga eg glømte kameraet i dag, og Kamilla sitt e klikk. :P




fredag 30. januar 2009

Pacific Beach

- PB : favorittstranda vår i SD

Kaffe på stranda med vår nye venn fra skulen, Ulas :)




Mitt første longboard. Null kontroll.
Wanna go to the beach?
Har berre gått på skule ei veke, og har allereie blitt en vane. No veit vi kor vi skal, og at vi skal ta til venstre når vi kjem opp trappene og inn på klasserom 1. No leika vi sosiale sommerfugla og fresa rundt og prøva og bli kjent me flest mulig. Har allerede funne oss en liten gjeng. Så etter skulen i dag var det stranda som stod for tur. Kamilla hadde allereie fått seg et tlfnummer til en som budde ved ungdommens strand i SD, Pacific Beach, og ville gjerne ta oss med. Mange andre reiste til nabostranda for å spele volleyball, nåke som vi tenkte å gjere etterpå, men vi kom aldri så langt. Vi brukte heile ettermiddagen på å gå rundt i PB ( det er og en town), ete burger og drikke cola, som alle andre amerikanara. Sida vi e under 21 (bummer), endte vi opp me en kaffe på stranda, og berre koste oss.
Så, i helga skal vi fortsette me å ville gå til stranda, og eeeegentli , berre kose oss. Kamilla har bursdag i måra, så et eller anna må vi finne på. Ikkje det at vi kan gå ut nåken plass, men blir nok bra uansett :)
Dagens innkjøp : Bikinioverdel til 500 kr, som Kamilla va i sjokk over. Ho asso..
Telefon, call us whenever u want, +1 858 - 337 - 1739
Longboard



torsdag 29. januar 2009

Fake nails and huge pizza slices

Skulen vår, Kaplan Aspect

Eg lada opp til to Mc. flurries

In America, everything is huge!!!!


Yo, Mo(jo)


Pretty woman, walking down her street


Homework?


At the Rocco's


RC, vår nye bror. Pease out

Vi hadde gitarfest på rommet vårt.


Ja, ka skjer sånn egentlig?
Ja no er det endelig begynt å bli varmt her. No er det hotpants og singlett vær, og vi lika det. Dagen idag har egentli gått med til å leike amerikanar, sånn litt vertfall. Som vanlig stod vi opp ca 7 min over hall 7, tok ein dusj og hoppa på bussen. So hadde vi ein heilt vanlig skuledag, eller forresten, vi gjor noke uvanlig. Vi intervjua folk på gata, om geografi. Ganske funny at vi spurte ein amerikanar om kor Norge ligge på kartet, og guess what, han peika på India!

Når vi va ferdig på skulen klokka 12, reiste vi rett heim og tok på oss mindre kle, endelig var det sommarvær i San Diego. Einaste vi kunne tenke oss da var å sitte i sola med ein dobbel cola og litt god mat. Og sånn vart det. Bussen i to min og vi fant ein pizzaresturant. Eg tenkte som so at to sykke pizza ville vere passlig, det er jo det eg pleie å ete heime. Martha ville ikkje ha noke så ho satt seg ut. Eg kom deretter ut med eit brett med dei mest enorme pizzastykkene du kan tenke deg. Eit stykke va like stort som ein heil pizza, og det er ikkje overdrivelse! So her etter skal vi dele porsjona, det e vertfall greit! Sola varma vertfall so vi blei no sittande i eit par tima og drakk så masse cola at vi ikkje klarte å gå. Her borte e det so fancy at viss du kjøpe ein cola kan du drikke so masse du vil:)

Når vi endelig hadde planlagt å gå heimover gjekk vi tilfeldigvis forbi ein salong, og eg tenkte, jess, falske negler. Der blei eg sittande i ein hall time og høyre på kinesara som synge når dei snakka!

Martha har begynt å få abstinensa, ho er sikkert redd for å bli for amerikansk. Derfor e jogging løysningen. Enyoj!

I mårra skal vi på stranda, so får alle heime kose seg med snø og kakao:)

onsdag 28. januar 2009

Mojo and the K- girl







Vår nye pappa har humor. Nicknames, funny jokes, og kommentering av filma e faste innslag i hans kvardag. Kamilla vart fort K- girl , fordi han ikkje klarte å få med a-en på slutten av namne. Meg derimot, fekk han trøbbel me.. Martha Stewart , hm. Not. Ehm. Idag for pastamiddagen halvegs i vrangstrupen da han kom på mitt nye nickname: MOJO. He was like, hahahhahah. Mel? you HAVE to hear this one!! Mel, er kort for Melissa, u know, vår nye mamma.






Ellers da? All good. Både middagstide, klesvask, skulerute, typiske amerikanske vana og habbits er på plass. "Hey, whats up?" Da ska du berre svare " me" :p






Vi kom på freddan, og føle vi har vore her i 2 veke. Beklaga det blir litt blanding av språk her på bloggen. Men, sånn e d no berre.






Håpa alle heime har d bra :) Vi savna dokke, men berre litt.



tirsdag 27. januar 2009

America is all about glamour and fashion

"You can't educate me to equal opportunity"

På veg til skulen må vi skifte buss ved UCSD - University California San Diego. Store , mektige, lyse bygningar og parkar der studentar ventar på bussen, eller les under eit tre, prega området. Sidan det var ganske kaldt i dag tidlig, stod dei fleste og trippa ved vegen i håp om at bussen var like rundt kvartalet. Kamilla satt seg på benken, mens eg trippa et par steg oppover og knaska i meg resten av frukosten mens eg såg opp på det medisinske fakultetet.

Eg såg han dagen før og. Utifra utseende, ein hardtarbeidande mann med opprinnelse fra Afrika. Vernehjelmen var allereie på, og jakka minna om det norske militæret. Han kom nærmare, og stoppa rett ved sida av meg og smilte vennlig. Smilet var krittkvitt, men mangla framtennene. Han vendte seg mot dei store bygningane og sa : " You can't educate me to equal opportunity. It is all about money, u know. America is all about money." - " U agree?"
Sa eg ikkje hadde erfart det sjølv, men at det kunne stemme utifra det eg visste fra før av. Han vart stille, og såg ned i bakken. Lenge.

Han trudde ikkje det kom til å bli bedre med det samme. "It is the system that is wrong. They gotta clean up in the back yard before it gets better. U know girl, america is all about glamour and fashin. U can't educate me to equal opportunity. " Eg fekk sansen for han. Han hadde et godt poeng. For folk flest handlar ikkje USA først og fremst om etikk og moral. Råskapen herja. Desverre, trur eg at han har rett.. Bussen kom, og enda en dag med dollarteikn i front hadde starta.

mandag 26. januar 2009


Heile verda er samla i San Diego


Ja, overskrifta gadd ikkje å vente på at eg skreiv ferdi.. Vi føla oss veldig europeiske, og er kanskje dei einaste fra Europa på vår nye skule, Kaplan. Nei, vent, vi har en fra Tyrkia. Men det trur eg er alt. Dei fleste er fra Asia, og nokre få fra Sør- Amerika. Så det stemme det som vår nye "rektor" sa: her har en sjansen til å bli kjent me menneske fra heile verda, så ikkje gå glipp av den :) Vi gleda oss!


Etter frokostblanding til frukost og kaffe på starbucks, var vi klar til å hoppe på vår nye "skulebuss". Kamilla kjente igjen bøke fra Kaplan på bussen i fange på ei søt koreansk jente ( I guess), så vi følgte etter ho. Det dukka opp fleire forvirra studenta på vegen, så vi var allerede en go gjeng som gjekk av ved Kaplan Aspect. Ei søt, blond dame med rosa genser og namn Laura, tok godt i mot oss. På klasserommet tok vi en test for å sjekke ka nivå vi var på, før vi spaserte ned til stranda der selane hadde aka seg opp på berget for å ta en formiddagskvil. La Jolla ("bydelen" der skulen ligg) er bærre lækker! Rett og slett vakker, som K- girl ville ha sagt.


Etter skulen enda vi opp i downtown for en hårklipp. Hadde ikkje anelse på kor eller når, men vi skulle klippe oss. Vi enda opp hos det første og beste. "2 minutes", og vi satt i kvar vår frisørstol. Eg vart kompis me min frisør, Anthony. Typisk halvgammal , gammalkjekk "kjendisfrisør". Sida han hadde vore på date me ei svensk dame, endte vi opp me å synge "leande gullbruna ögon" for full hals. Allright.


Sida det alltid skjer nåke og vi ikkje tar bilde når det skjer , men berre ler, kom eg først på å ta bilde da vi var hos frisøren mens fargen min gjorde jobben sin. Vi ska bli bedre på å ta bilde, promise. Så eg senda dokke Kamilla me hette. Looking good. Snaaakkes ! :)


First day at school

søndag 25. januar 2009

Jetlag

University City - La Jolla (La Hoja) - Mission Bay

Vi lide av et sterkt jetlag. Lys våken 7 om morningen e veldig grett å vere, men når klokka nerma seg 4- 5 på dagen føle vi at det e et seint nachspill. Da e de berre en ting som funka for oss, nemli shopping og doble porsjona me fast food.

Kirkegåing i lag me vertsfamilien måtte vike, fordi vi var spenn klar for å sjekke ut byen, og da meina vi HEILE byen. Daypass for 35 krone redda oss, i og me at vi hoppa på 15 forskjellige bussa. Så no vil vi påstå at vi veit opp , ned, fram og bak på vår nye heimby: San Diego <3
No har vi nettopp hatt kvalitetstid me familien. Etter en god middag, kræsja vi på sofaen til en komedie og ei skål me popcorn som var større enn rommet vårt.


Btw, Kamilla e døpt på nytt, now it's "K- girl" :D

lørdag 24. januar 2009

Some pictures







Kamilla på Flesland. Martha og Kamilla in Chicago. Kamilla var trøtt, og eg overtrøtt.


Here we are:)

Ja, da va vi framme, og vi har det heilt fantastisk:) 20 grader og sol:)
Vi kom fram igar kveld etter 24 tima reise.

Flyturen gjekk heilt greit, men pga forsinkelse i Frankfurt rakk vi ikkje flyet i Chicago. Bommert! Vi fekk sjokk da ei typisk amerikansk dame som stod heilt aleine plutselig tok baggasjen vaar og sendte oss til terminal 1. Vi foelte oss LOST. Say What. Vi kom oss paa toget til terminalane. Stappfullt. Plutselig gjekk alle av, mens vi og to andre menn va igjen. Dei spurte ka fly vi skulle paa, og da vi sa at flye vaart gjekk for 5 minutt sida, lo dei av oss, men fekk og lyst til aa hjelpe oss. En kjekk gammal mann som ligna paa Richard Geere foelgte oss til riktig terminal og hjalp oss me aa komme paa det neste flye til San Diego. AALLRIIGHT.
Amerikanara e veldig hyggelige, stort sett. I forhold til nordmenn vertfall...

No sitt eg paa fange til Kamilla. Vi har nett vore i Downtown . Soennen i huse var me oss som guide, veldig hyggelig fyr :) Uten han trur eg vi hadde vore lost in space.

Ellers e vaar nye familie veldig hyggelige og har tatt godt i mot oss. Som alle andre fra San Diego, ekje dei egentli fra San Diego. Faren i huse e egentli fra Rhode Island, og mora fra Mexico. NICE.

Bilder kjem kjem naar vi faar riktig adapter til datan vaar. Dad kjoera oss naar han kjem heim fra jobb.

Alle i Norge maa ha ei riktig go natt. Her e det snart middagstid :)

See you! :)

torsdag 22. januar 2009

1 day

Eller rettare sagt fem og ein hall time til vi letta:) Ligge i senga no og tenkte å sove et par tima. Vi er superklare.
Snakkes i San Diego;)

onsdag 21. januar 2009

2 days

Ja då har eg forlatt Balestrand og komt so langt som til Selje. Turen går vidare til Bergen i mårra. Martha pakka som ei frustrert frue og er redd ho skal glømme noke. Mens eg derimot, har full kontroll:) Men så lenge vi har pass og biletta so skal vi no komme oss eit srtykke på veg. Eg syns det er ganske fasinerande at vi reise på fredag. Vi har snakka om denna turen i eit år no, og så plutselig reise vi. Det skal no vertfall bli godt å komme seg ut av landet i noken mnd.

No begynna vi snart å telle ned tima:)

tirsdag 20. januar 2009

3 days

Nedtelling på HØGT nivå

Det eg egentli ser mest fram til, er at vi ikkje veit ka som venta oss. Vi tar det som det kjem, ein dag og gangen, på sikt. Påska i San Diego og ei lita veke i New York står blank.. Ska vi til LA? Las Vegas? MEXICO? Kanskje? :P Med andre ord: bloggen har blanke ark!

No skal eg til barneskulen min , der eg jobba i høst, for å sette opp framsyninga Flatraket Got Talent ein gong til. Ønskereprise? Blir vertfall kjempearti. Gleda meg til å sjå alle elevane "mine" igjen :)

I måra ska eg hente den store baggen og Kamilla i Måløy :)

mandag 19. januar 2009

4 days

Eg pakka og seie hade til folk. Litt trist igrunn, eller kanskje ikkje. Eg er lei av vinteren og ser fram til sommar. Ellers so er eg klar for å sitte på fly i 15 tima, det blir fest:)

søndag 18. januar 2009

5 days

Eg og pappa fantasera om at bilen til Mr. Norton ser ut som en maur. Eg forventa at skadedyrutryddara har ganske funny firmabila. BØR ikkje skuffe meg der asso.. ! :P

"5 days" ... minna meg om en rnb låt fra nittitale.. hm..

Når eg tenke på Kamilla, kjem eg berre på en liten sak : Ring Netcom! Det va alt.. :P

lørdag 17. januar 2009

6 days

Idag er det lørdag, og vi kan endelig sei at vi reiser på fredag, og ikkje neste fredag. Det er stort det:)
Eg prøve desperat å tene inn noken kroner ekstra, mens Martha berre slaura. Men i mårra er mi siste vakt, så då kan eg ta sommarferie, litt på etterskudd.
Turen går til Selje på onsdag så må snart igang med å pakke. Men må jo berre nevne at det er ikkje så masse pakking som må til. I dag er det faktisk 23 grader i San Diego. Så vi ser veldig fram til sol og sommar, shorts og singlett;)

fredag 16. januar 2009

7 days

Leaving Balestrand is never easy..

I dag forlot eg Kamilla på kaien. Tristatte. MEN. Ny plan: Ho kjem hit til Selje på onsdag :) Så tar vi båten ilag på torsdag til Bergen.

I følge Guna er det da 5 daga til vi reise.. :P I like her thinking!

Det er freedag, så hva skjeera.. Jo, Kamilla den flinke skal jobbe, mens eg... ja.. d får tiden vise:P

torsdag 15. januar 2009

8 days

Berge & Co AS

Vi våkna i trua på at vi skulle få heim bilen til Annie. Ga gass, og endte opp i Sogndal. Bomtur! Men det gjekk fint, vi lika leigebilen bedre. Det kom vertfall noke godt ut av turen.. Eg råna meg ein tur til Kaupanger eg, for å kjøpe moccamaster til pappa, bursdagsbarnet. Martha nekta å vere med, ho ville heller grille seg i solarium i underetasjen på sogningen storsenter. Du skjønna, ho prøve å passe inn i California, så vi får no sjå no då..

Ja, vi prøve desperat å få tiden til å gå:)





onsdag 14. januar 2009

9 days

Jaja, då satt vi her då.. i Balestrand! Fann ut vi skulle lage oss ein blogg, sånn for kosen sin del:)

Tingen er..
Fredag 23 januar er vi klare for avreise til USA. Turen går via Frankfurt og Chicago, og mest sannsynlig landa vi i San Diego samme dag kl 17:58. Der skal vi leve livet i ti heile veker. Språkkurs og vertsfamilie er bestilt. Med andre ord, alt ligg til rette for at dette blir ein opplevelse for livet:)

Følg med;)