lørdag 28. februar 2009

Kan vi flytte til Pacific Beach?




Oh, happy day



Vi gleda oss til å flytte inn på Banana!

"Catch!"






Speiding pågår. :P




fredag 27. februar 2009

Saying goodbye at the Museum of Contemporary Art






















Hating and loving Fridays
Vi fekk beskjed om å komme i gode sko, ta med solkrem og vere forberedt på en gåtur. Hørtes ut som om vi skulle på fjellet, men vi skulle berre gå et lite stykke nedover mot havet. Nede ved La Jolla Shores ligg Museum of Contemporary Art. Interessant nok. Kunstverket vi likte best var dei store vindauga som viste utsikta ned mot havet. Såg ut som eit heilt vanleg stort vindaug, men det var svære firkanta hol på kvart hjørne og i midten. Bra oppfinnelse.
Det var likevel ikkje så mykje kunstnerisk språk å høyre. Praten handla stort sett om telefonummer og msn- adr. Jepp, atter ein fredag har kome, og folk fra klassa skal forlate San Diego. Nokon for godt, mens andre kjem tilbake for å studere vidare. Difor kjem det til å bli litt stillare i klassa på mandag. "Goodbye, have a nice life, take care"
Jaja, vi håpa på maaange nye studenta på mandag.. :)


F.v. : Sandra fra Frankrike, meg, Corrine fra Sveits, May fra Japan, Sadya fra Brasil, Vanessa fra Tyskland og Vida fra Sveit.


Venta på bussen.. igjen.

torsdag 26. februar 2009

Er det torsdag eller fredag?

Skule, sol, yoga, pizza og en klovn
Ei lita flue har kome seg inn på det mørke rommet vårt og går no på skjermen akkurat der eg skal skrive. Det er stille. Høre berre latteren til Kamilla (ho ser Grey's). I Clairmont er ikkje det noke torsdagsfyll for å seie det sånn. Torsdag er dagen der folk kjøre sakte i gatene me lav musikk. Med unntak selvfølgelig.
No er forresten vinteren snart over her i SN. Dei første vekene i februar er "regnsesongen", men til glede for mange, ser det ut til at denne tøffe perioden er forbi. Overhørte faktisk en samtale mellom to godt voksne kara på bussen i dag. Den eine sa heilt seriøst at dersom temperaturen bevegde seg under 60 (ca 15 grade) , gadd han rett og slett å ikkje gå ut.
Jepp, d snør faktisk i Norge. Ta den du :P
Kamilla er en vind. Før ho flaug ut for å trekke frisk luft for en siste gong denne torsdagen, stoppa ho opp for å så hoppe opp i senga til ære for fotografen. Tok med seg litt effekta på vegen.


"Strike a pose"








onsdag 25. februar 2009

Ikkje smil til bloggen.

Dei første dagane hoppa vi rundt og tok bilder som noken andre turista. No ekje det sånn lenger. No e det meir sånn, eg spør Martha om ho har kamera med seg, og ho nikka som om ho ikkje forstår ka eg snakka om. Konklusjonen er at vi ikkje er turista lenger, men ein vakker dag skal vi bli turista i eigen by.

Eller, vi er nok fortsatt ikkje heilt amerikanske. På bussen får vi titt og ofte spørsmålet om kva språk vi snakka. Alltid like morsomt å høyre kva dei trur. Hittil har ingen komt nordafor Portugal. 

I kveld har vi hengt i UTC, vår andre heim. Kom nettopp tilbake, og det er nattmat på gang.  


tirsdag 24. februar 2009

Alenehjemmefest og tur til Himalaya

I dag våkna vi til at Melissa ropte : " Bye girls!" Jepp, ho skulle forflytte seg til Texas, noke som såg ut til å bli ei grei reise. Pga nesten alt mulig som kan gå galt (bortsett fra kræsj), har ho nettopp kome til Dallas der ho må overnatte til i måra. Så spørs det kva morgendagen bringer. Jaja, ho er no vertfall i riktig stat. Ikkje verst.
Sidan både RC og Steven jobbar seint, blir kvar dag ein alenehjemmefest. Idag bestod festen av å ete banane, vaske klede, sole oss og be Maddy (hunden) om å flytte seg fordi ho stod i vegen. Gleda meg til å finne ut ka som skal skje i måra.
Ellers er eg den lykkelige vinnaren av å ha klart å fått me meg Kamilla på yoga. Det beste er at ho likte det, og at vi no kjem til å halvegs flytte inn der. På bildet under fortsetta eg min flotte humor, og er no faktisk PÅ VEG til Himalaya.

Eg vise veg til Himalaya, og den går bokstavelig talt rett vest.
Mandags- fest. Hipp hurra for nye studentar.

mandag 23. februar 2009

2 months left

I dag er det 23 februar, og for ein mnd sida ankom vi San Diego. Når vi tenkte tilbake har det gått ganske fort, men likevel har vi opplevd ein god del allerede. Vi har fortsatt 7 tomme veke forann oss, og vi har mykje meir å sjå fram til. 
Ellers er mandag stort sett ein slapp dag, og vi har tatt denna dagen heilt med ro. Faktisk litt ekstra med ro, for Martha sin del. I dag hadde ho sin første yoga-time, og konklusjonen etterpå var at eg rett og slett ikkje kan gå glipp av det. Så kanskje eg henge meg på neste gang. 

På busstoppen på veg til Yoga-time:

Kamilla: Eg skal sooo ha mat når vi kjem til Pacific Beach.
Martha: Eg skal sooo nå Himalaya.
Kamilla: På EIN time? 
Martha: Ja, eller ka heite det i Budhismen når du skal nå noke?
Kamilla: ehm, Nirvana?
Marhta: Ja det var det ja.

Himalaya-Nirvana, Tomato-tomato!

Ha ein fin dag alle sammen:)

søndag 22. februar 2009

Oh, happy Sunday


A hot and cloudy day in San Diego
Vi var ikkje ute på galeien i går, men vi har oppført oss som vi var det, og vi har likt det. Det tunge skydekket over klar himmel har gjort dagen veldig døsig.
Ein liten mnd har passert sidan vi såg inngangsdøra vår her i Clairmont for fyrste gong. Veldig rart at tida (igjen) kan gå så fort. Likevel, når vi ser tilbake på mnd som snart har gått, har vi oppnådd veldig mykje på kort tid. Byen smilar til oss kvart minutt, og det er alltid nye plassar og nye menneske å møte.
No ligg vi på kvar seng og slappa av før vi skal leike flittige studenta. Kamilla er lykkelig forelska i sin nye Macbook, og sett pris på alle dei gode eigenskapane han har. Vi kom nettopp heim fra "Tea N More". Apple Store tok oss med på ein liten luftetur før han måtte på kveldsvakt. Han hadde med en overraskelse: telefon. Hadde eigentleg vendt meg til tanken å ikkje ha telefon, men må seie det er grett å muligheten til å ringe til taxi viss eg blir stuck en plass eg ikkje ein gong veit kor er.
I måra skal vi ha vår første yoga- time. Ein kampanje gjer det mulig for studenta å få ei gratis veke ubegrensa tilgang på timar hos Corepower- yoga senter, perfekt plassert i Pacific Beach.


Bildet er henta fra Corepoweryoga si heimeside.

Det var den dagen

Idag våkna vi til solnedgang. Ellers har vi ikkje gjort noke som snur verda opp ned.

No er det midnatt, men Melissa og Steven romstera noke veldig og vaska opp og ned. Forklaringen er vel at Melissa reise til Texas på tirsdag fordi ei av døtrene skal ha baby. Steven har inrømt at han er litt skeptisk på om han klara seg uten hans kjære kone ei ein liten mnd, men vi har lova å passe på både han, hunden og huset. Faktisk, RC reise til San Fransisco i mårå i forbindelse med jobben, og ska vere der ei veke. Så, no blir det "far-datter-datter-fest."

Go natt og go dag. Ha ei fin sømdag :)

lørdag 21. februar 2009

Eit sprøtt innlegg

Ja, da skjedde det igjen: ein dag forlot oss utan av vi hadde dokumentert den her på grønne artk. I går var rett og slett ein slik dag der vi ikkje ofra ein tanke eller eit lite kvarter til vår kjære blogg. Bittert.
Gårsdagens høgdepunkt: Kamilla kjøpte seg MacBook
Martha åt kokte egg for første gang på lenge
No har vi nettopp komt heim igjen fra UTC. Vi skal no prøve å stenge sola og fuglekvitteret ute for et par tima og prøve å sove litt. I går skulle vi eigentleg på bursdagsfest, men det viste seg at det vart litt trøbbel me skyssen. Endte opp med at vi to og Apple Store gjekk på en anna fest som var i gangavstand til UTC. Må seie det det va kjekkare å vere litt færre enn heile vennelista på facebook og "bouncer" i døra. Vi hadde vertfall a good time :)
Det føles aldri bra å reise heim dagen derpå i gårsdagens antrekk. Og ja, Kamilla fekk gnagesår i sine nye småsko. Typisk. Men, det gikk fint. Spesielt etter Apple Store leikte doktor med "hydrogen peroxide" og plaster.

Venta utanfor på at døra skal åpne seg. "E deet noen her, elleer?"


Steven er sjokka over kor Kamilla faktisk kan gå. Her har eg bevis! Delvis vertfall..



torsdag 19. februar 2009

Sol, vi har savna deg

Når to persona bur, søve og leve oppå kvarandre, begynne ein rett og slett å bli ganske påvirka av den andre halvparten. Vi merka veldig fort at vi er i samme humor til samme tid, noko som eigentlig er ganske praktisk. Spekteret er stort. Fest med "just dance" i UTC eller heim, kaffi på starbucks, tur til PB med eller uten Ulas, vitsefortelling med Steven eller "ikkje- snakke- til- kvarandre- tid". Idag slo det an igjen. Vi følte rett og slett for å berre ta en dag fri. Okei, det skal seiast at mykje av grunnen var at vi dagen før følte for å henge i åttande etasje i UTC til klokka natt. Men, ein dag på stranda gjorde seg. Me like.

Ikveld har vi faktisk analysert vennskapet vårt på ein post- it lapp. Slå den du..

I måra skal vi igjen på fest til noken vi knapt kjenne. Til dama til ein kompis av ein kompis, faktisk. Det tar sikkert av. Vi veit ikkje enda kor det er,. men vi veit ho blir 21, og at ho har invitert alle vennane sine på facebook.

Solbrent- klem :)







På stranda er alle trygge



"Starbucks" på stranda







Kamilla posera med Herr Palme





onsdag 18. februar 2009

Ny hobby

Dollar + dollar = dollar

I dag endte vi opp i UTC nok ein gang. Må vere eit eller anna som drar oss dit. No står vi eigentlig på farten. Middagen er klar, og etter det skal vi igjen, til UTC. Denne gangen er det ikkje for å handle, men for å berre "hang out".

"Yeah! And your little dog Toto too."

Blogges i mårra :) klem fra oss til alle som les dette, kjekt dokke følge med :)









Ja, sånn kan det gå..



tirsdag 17. februar 2009

Boot World

Mine to investeringar i USA: MacBook og UGGs. I dag var det skoa sin tur. Etter fire tima på skule, litt mat og ein liten powernap for Martha sin del, tok vi turen til Boot World. Der fann eg skoa mine, men selfølgelig med min flaks, hadde dei ikkje størrelsen. Men med ein snill mann bak disken, ordna det seg. Eit par telefona og eg kan kjøpe skoa på torsdag. Lucky me:)

Ellers vil eg kalle denna dagen for ein "veit-ikkje-ka-dag". Begge to er i tirsdags modus. Trøtte etter helga og klar for neste helg. Lei av både regn og sol på ein gang, og ser fram til torsdag når sola har lovd å varme dei bleike kroppane våre.

I og med at vi henge inne stort sett heile ettermiddagen, hadde Steven med seg ein DVD-spelar fra jobb. Han kom som eit vindkast inn døra og slengte den på bordet. Etter litt leiting etter kablar var både spelaren og TVen på plass. All den jobben for at vi kan sjå Frustrerte Fruer på senga kvar søndag. Trur ikkje vi kjem til å bruke den så masse, men det var no ein god tanke. Martha er ikkje akkurat eit film menneske.. Ho likar heller å vaske golv fann eg nettopp ut. Ho ligge på alle fire og skrubba. "Her etter skal ikkje hunden inn på rommet", fekk eg beskjed om. "Den reke!! "

No får vi prøve å gjer noke med trøttheten, legge oss før midnatt var ein ganske god ide.
Ha ein fin dag alle sammen:)

mandag 16. februar 2009

We finally made it to Walmart

I dag har det vore en blue monday. Eller, egentlig ikkje, men vi lata som. Det var vertfall ikkje fest på skulen i dag i lunsjen. Med fest meina vi at skulen spandera chips, dip, cookies og cola kvar mandag for å ta i mot nye studenta. Idag var det ingen nye, så det betyr ingen fest. Bummer.

Vi brukte heller lunsjen på å planlegge en tur til Las Vegas ilag med Sandra fra France og Diana fra Sveits. Vi begynne no å sjå at det kan bli for dyrt, så vi må tenke litt meir på det. Greit nok, vi kan ikkje spele på casino, men det er mykje anna å gjere på. Er jo litt dumt å ikkje reise dit når vi likevel er så nærme. Likevel, Kamilla prioritera Wisteria Lane forran Grand Canyon. Kanskje vi kan klare begge to? Vi ser.

I dag regna det katta og hunda. Sandra blei med oss for å søke ly i UTC. I shoppebyen er himmelen alltid blå. For kvar gang vi er der legg vi merke til nye butikka vi ikkje har sett før. Surfebutikken var toppen av kransekaka. Mannen bak disken prøvde å få augekontakt med meg bak stabelen av kleda eg la på disken. Smilehola kom til syne og han spore fint om eg skulle ha alt det der.

Etter pizza tok Steven oss med til Wal Mart for å kjøpe et par ting. Nåke som endte med guiding og en ekstra tur til Target.





Kamilla: "HEY, look at this!"
Steven: " Are u kidding me, K- girl?"
Kamilla: " Can I try it on?"
Steven: "Hey Mojo, u gotta take a picture of this"


Guiding in the city of Walmart.


UTC. Skulle berre gå forbi, men vart ståande å sjå på desse dyktige småtrolla.


søndag 15. februar 2009

Apple Store sluke ilden

Valentine's Day party


Taeo/Apple Store viste seg å vere ein veldig grei fyr. Så da han lurte på om vi ville vere med han og nokre venna ut på lørdagen, var vi lett med. Han kalla berre Kamilla for "discount" sidan ho planlegg å kjøpe Macbook med han og får sikkert litt rabatt.

Vi tok bussen nordover og hoppa av i UTC, der vi skulle møte Cartoon Network og Apple Store. Vi holdt på å dette i asfalten av latter der vi stod på kvar vår side av eit gigantisk kryss og venta på kvit mann. Store armbevegelska og Y- M - C- A kutta ned ventetida, før vi alle reiste heim til Taeo.

Vi hang i åttande etasje (av 17) i ei hotellignande boligblokk. I følge han var ikkje det så dyrt å bu der. Neida. Etter nokre timar kjørte vi nordover mot UCSD (University of California,
San Diego). Som navnet røpar, bur det mange studentar der. For ca 3000 NOK per stk kan 3-5 leige fine hus med plen og garasje og bu der gjennom studietida.

Resten av kvelden brukte vi på morsomme drikkeleika og blei kjent med mange kjekke folk. Eg møtte ei som hadde ei bestemor fra Norge, og ho blei sjeleglad for å høre noken uttale sitt norske etternavn med rulle - r.

Akkurat no nyte vi ein lat søndag. Resten av byen er nok ute og tar av på salg. På mandag er det Presidents' Day, noke som (naturlig nok i USA) medføre store salg med gode rabattar. Vi synes det er kjekkare å leike nordmenn med dyne og smoothie og Hellbellies i bakgrunnen.


Peace.



Kamilla nyte en kakao på vegen. Dei fleste på "vår" Starbucks veit allereie at ho lika krem på toppen.



Beer pong and fireball in University Town Centre

I UTC møtte vi Taeo og Carter



Hos Alisha

Spela beer pong i garasjen.


Fireball.

Tony måtte prøve og.



lørdag 14. februar 2009

Jeg og Du og Vi to

Kamilla lika Apple Store og alle som jobba der. Han er grønn både på jobb og fest.



Om et par veke blir det going away party for Leo.

Natalia posa med flagget sitt.



Litt rart å bli kjent me nye folk for å så seie hade til dei. Dette er standar Kaplan Aspect. Veldig få studentar går på skulen eit heilt år. Majoriteten av dei som tar slike kurs er ungdom fra Asia som vil forbedre engelsken sin for å lettare få jobb når dei kjem heim igjen. Fåtallet er fra Europa, og nokre er fra Sør - Amerika.

Skulen er ein av dei dyraste i byen, og forhåpentligvis ein av dei beste. Vi har vertfall vore veldig heldig me læraren vår, Fearen. Ho har nok energi til oss alle, og kvar dag er ein fest. Ho elska at vi kjem med vitsa og når vi har noko spennande å fortelle. Berre når det er på engelsk vel å merke, det er "fy fy" å snakke andre språk på skulen generelt. Jess jess, det var litt om ho.
Det var først da ho var på en 10 dagers tur til New York vi innsåg kor mykje vi likte ho. Fearen spela på det alle har til felles, uansett nasjonalitet: humor. Å vere lærar for folk mellom
16 - 99 år fra alle verdens land må vere ganske utfordrande med tanke på at du ikkje skal trakke noken på tærna. Respekt. Go Fearen :)


Natalia's going away party

I går var det Natalia sin siste dag. Medisinstudiet venta på ho i Brasil, og det var på tide å seie bye bye til San Diego og folket. Vi stakk til PB til Ulas før vi tok fatt på ei reise til Natalia som viste seg å aldri ville ende. Vi forvilla oss fram og tilbake, ut og inn. Vi hadde et heimelaga kart i baklomma, men det viste seg at ingenting stemte. Tre reddande englar fra LA med GPS og bil kom som sendt fra himmelen. Etter heftige diskusjona på gata fann vi ut at Natalia faktisk budde like ved. Happy ending :)

fredag 13. februar 2009

Valentine's Day?



Som alle sikkert veit, i mårra er det Valentine's Day, vi har vertfall fått det med oss. Skulen er bombadert av raude og hjerteforma effekta. Vi går oss vill mellom postera, sjokolada, "send -kort -til -den - du - lika - boks", og hjerteforma drops. Hallveis ut i timen kom "rektor" inn med sjokkolada til alle sammen, med ein liten helsing på. Vi likte Nathalie sin best:
"be your own Valentine".
Det er fortsatt for mykje vind til å henge på stranda, så vi tok heller turen til University City for å feire at vi fekk lønning igår.


Vi har forresten ein hedersgjest her på bloggen i dag: Mi kjære søster, Ann Mari. "Topp 10, San Diego" redda stort sett dagen. Uten kartet på første sida, hadde vi sikkert brukt 20 tima ekstra på buss.

torsdag 12. februar 2009

A day off

Når du våkna opp med hovepine og rennande auge, så er ikkje skule det første du tenke på. Akkurat det skjedde med meg i dag, våkna opp og klarte ikkje ein gang å sjå. Så derfor la eg meg heller godt under dyna og sov fem tima til, og eg må sei at det gjorde seg. Derfor reiste Martha aleine på skulen, og vart two in one, og lærte litt grammatik ekstra. Eg derimot fekk noken rare, stinkande augedropa frå Melissa. Det hjalp vertfall, så no er eg back in business. Steven meinte han heller kunne slå meg hardt i armen, så ville eg ikkje kjenne at augene mine gjorde vondt. Han slår jo alltid av ein god spøk når det lir litt utpå kvelden.

Etter å ha gått med solbrille ein heil dag uten sola på himmelen, så sitte eg godt plassert i senga med Martha sovande ved sida av meg. Noken lika å legge seg kl 8 om kvelden. Eg tenkte å sjå ein romantisk kommedie, alltid like kjekt.

Og akkurat no kom eg på at det er fredag i mårra, og vi er faktisk invitert til eit "going away party". Ei jente fra klassen har sin siste dag i mårra, og invitera til fest, vi gleda oss.
Som eg sa igår, så er bildene på veg, vi venta berre på bedre vær:)

onsdag 11. februar 2009

Still alive

Ja, vi leve fortsatt, og vi har ikkje sove på gata inatt. Men no har vi lært.. Skal blogge kvar dag fra no av, så ikkje dikka heime trur det er noke gale. Derfor er det berre å beklage, vi glømte heile blogginga i går. Var nesten sovna, så hoppa Martha opp i senga og sa: vi glømte å blogge!! Men i og med at klokka hadde passert midnatt, så tenkte vi: tar det i mårra. Det var det.

Ellers så har vi hatt ein ganske så avslappande dag. Eg tok meg ein tur til UTC og blei forelska i Apple Store, mens Martha har shoppa havregraut og rosiner. Vi har forsovidt hengt litt ekstra på buss og. Reiste ein tur til Serra Mesa, som vart ein total bomtur. Planen var å gå på relaxtime, men i og med at min planlegging av reiseruter nok ein gang gjekk rett vest, so rakk vi det ikkje. Sånnt skjer! Så vi har lært ein ting til i dag, kvar gang vi skal til ein ny plass er det best å vere der minst ein hall time på forhond, og ikkje to minutt.

Vekene flyge, og snart er det helg. Ka skal vi finne på då tru? Kanskje vi tar oss ein tur i kirka, må jo prøve det og.

Og ein ting til.. Vi er så trøtte for tida, Martha skylda på været, så bilder blir det lite av, men vi lova å skjerpe oss. Have a nice day everyone. Vi skal sjå ein dårlig romantisk komedie, eller chick flick, som Steven elska å kalle det:)

mandag 9. februar 2009

Til Downtown uten grunn





.. og regn og ein sta hund

I dag har det vert Norge. Pøseregn, paraply og våte dongeribukse. Sidan der er skulestart kvar mandag og skuleslutt kvar fredag, variera det kor mange vi er i klassa. I snitt ca 16, men i dag var vi heller 6. Skal ikkjee sjå bort i fra at det er veret som var grunnen. Etter to veke me sol føles regn som en stor festbrems. Vi begge har derfor vore litt furtne i dag, nåke som reulterte i at vi reiste til Downtown på pur. Gjekk Broadway opp og ned og ned til Market Street uten mål og meining, satt oss ned på Fridays og åt en feit lunch og drakk to liter pepsi, for å så ta en times busstur heim igjen. Flottatte.

Heime venta ein turklar hund. Ho er ikkje heilt klar over det sjøl, men ho hata regn. Likevel har ho vore ein klegg i heile dag. Ho trøsta seg med ein gratis leikehund fra VS. Den gjor susen, no er ho lykkelig igjen, og det er vi og.












søndag 8. februar 2009

En hyllest til våre mødre


Mamma og meg <3



Kamilla håpar ho ikkje har gjort nåke gale..

Sidan det er morsdag i dag, og vi har hatt en alt for typisk søndag der vi har holdt oss i ro og berre prata om laust og fast, tenkte vi at vi skulle dedisere et blogginlegg til våre kjære mødre.
Etter å ha oppholdt oss i en storby i et par veke, har vi starta å sjå dei meir dystre og mørke sidene ved en slik by, og ikkje berre det solfylte glansbildet som møtar ein kvar turist. Ein "homeless teen" vi kom i snakk me på bussen fekk oss på tanken. Var ikkje mange setningane vi utveksla, men det var nok til at vi fekk opp augene.
San Diego har mange sjebner, nokre liv er enklare å leve enn andre. På plassar der folk bur tett og kontrastar går side om side, vert dette veldig tydelig. Det er vanskelig å vite kor mykje som er takka ein sjøl, og kor stort ansvar samfunnet og familien har.
I ein slik by er det enkelt å oppsøke det mørke og ofte farlege. Kvar dag tar vi mange valg. Etter ei tid blir vi veldig bevisste på kva vi velg å gjere og ikkje gjere. Årsaken er ofte den samme enten vi seie ja eller nei: vi har det med oss "heimant ifra".
Med dette sendar vi begge ein stor takk til våre kjære mødre (.. og fedre for den del) som har gitt oss ein god baggasje når vi no skal ut i den store verda.
Glad i dokke / dikka :)


lørdag 7. februar 2009

Ingenting-dag

I dag har vi bokstavelig talt gjort ingenting. Eller dvs Martha har jogga, det va vel kanskje litt fornuftig. Ein dag uten lange bussturar gjorde seg. Det er jo trossalt helg, og vi har fri for ein grunn. Derfor sov vi i 12 tima, noke som er alt for mykje, og på toppen av alt so sovna Martha igjen klokka 8. Kanskje vi er litt i underskudd. I mårra skal vi og ha ein ingenting-dag. Litt avslapping må til inn i mellom.

Så god natt til alle sammen:)

fredag 6. februar 2009

SeaWorld

Etter å ha sove eit par, fem tima, var vi klare for å besøke SeaWorld. Mine bussplanlegginga gikk litt i vasken, men med den flaksen vi har når det gjelde buss, rakk vi det vi måtte. I og med at vi reiste i lag med skulen, og fikk billige bilettar, førte det til at ikkje alt var inkludert i prisen. Men det stoppa ikkje meg og Martha. Vi fekk med oss det vi ville få med oss. Tre forskjellige show, og ja, vi blei veldig imponert til slutt. Det er ganske fasinerande at eit menneske kan få så god kontakt med eit dyr, det er sånn du ser på film. Etter det siste showet var eg så fasinert at eg vurdera å få meg ein delfin som venn. Så viss eg tar med meg ein i kofferten, så ikkje bli skremt. Eg har faktisk alltid hatt lyst til å svømme med ein delfin, og hadde sjangsen i dag, men prisen stoppa meg. Alt i alt var det ein kjempeopplevelse, berre sjå på bildene.

Ellers har vi det fortsatt veldig bra ,og akkurat no har vi ein avslappande fredagskveld. Har ingen spesielle planar for helga, men noke finne vi sikkert på. Forresten, akkurat i det eg skulle publisere innlegget, oppdaga eg noke rart ved sida av meg. Martha ligge strekt ut i senga, med teppe over seg, kvit i heile trynet, med "agurka" på augene. Når eg snakka til ho sa ho berre "eg so slappa so godt av". Jaja, forskjellige måta å gjer det på.

No er det tid for litt avslappande musikk, der etter 10 tima søvn.