søndag 15. februar 2009

Valentine's Day party


Taeo/Apple Store viste seg å vere ein veldig grei fyr. Så da han lurte på om vi ville vere med han og nokre venna ut på lørdagen, var vi lett med. Han kalla berre Kamilla for "discount" sidan ho planlegg å kjøpe Macbook med han og får sikkert litt rabatt.

Vi tok bussen nordover og hoppa av i UTC, der vi skulle møte Cartoon Network og Apple Store. Vi holdt på å dette i asfalten av latter der vi stod på kvar vår side av eit gigantisk kryss og venta på kvit mann. Store armbevegelska og Y- M - C- A kutta ned ventetida, før vi alle reiste heim til Taeo.

Vi hang i åttande etasje (av 17) i ei hotellignande boligblokk. I følge han var ikkje det så dyrt å bu der. Neida. Etter nokre timar kjørte vi nordover mot UCSD (University of California,
San Diego). Som navnet røpar, bur det mange studentar der. For ca 3000 NOK per stk kan 3-5 leige fine hus med plen og garasje og bu der gjennom studietida.

Resten av kvelden brukte vi på morsomme drikkeleika og blei kjent med mange kjekke folk. Eg møtte ei som hadde ei bestemor fra Norge, og ho blei sjeleglad for å høre noken uttale sitt norske etternavn med rulle - r.

Akkurat no nyte vi ein lat søndag. Resten av byen er nok ute og tar av på salg. På mandag er det Presidents' Day, noke som (naturlig nok i USA) medføre store salg med gode rabattar. Vi synes det er kjekkare å leike nordmenn med dyne og smoothie og Hellbellies i bakgrunnen.


Peace.



Kamilla nyte en kakao på vegen. Dei fleste på "vår" Starbucks veit allereie at ho lika krem på toppen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar