Om et par veke blir det going away party for Leo.
Litt rart å bli kjent me nye folk for å så seie hade til dei. Dette er standar Kaplan Aspect. Veldig få studentar går på skulen eit heilt år. Majoriteten av dei som tar slike kurs er ungdom fra Asia som vil forbedre engelsken sin for å lettare få jobb når dei kjem heim igjen. Fåtallet er fra Europa, og nokre er fra Sør - Amerika.
Skulen er ein av dei dyraste i byen, og forhåpentligvis ein av dei beste. Vi har vertfall vore veldig heldig me læraren vår, Fearen. Ho har nok energi til oss alle, og kvar dag er ein fest. Ho elska at vi kjem med vitsa og når vi har noko spennande å fortelle. Berre når det er på engelsk vel å merke, det er "fy fy" å snakke andre språk på skulen generelt. Jess jess, det var litt om ho.
Det var først da ho var på en 10 dagers tur til New York vi innsåg kor mykje vi likte ho. Fearen spela på det alle har til felles, uansett nasjonalitet: humor. Å vere lærar for folk mellom
16 - 99 år fra alle verdens land må vere ganske utfordrande med tanke på at du ikkje skal trakke noken på tærna. Respekt. Go Fearen :)
Natalia's going away party
I går var det Natalia sin siste dag. Medisinstudiet venta på ho i Brasil, og det var på tide å seie bye bye til San Diego og folket. Vi stakk til PB til Ulas før vi tok fatt på ei reise til Natalia som viste seg å aldri ville ende. Vi forvilla oss fram og tilbake, ut og inn. Vi hadde et heimelaga kart i baklomma, men det viste seg at ingenting stemte. Tre reddande englar fra LA med GPS og bil kom som sendt fra himmelen. Etter heftige diskusjona på gata fann vi ut at Natalia faktisk budde like ved. Happy ending :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar