mandag 16. februar 2009

We finally made it to Walmart

I dag har det vore en blue monday. Eller, egentlig ikkje, men vi lata som. Det var vertfall ikkje fest på skulen i dag i lunsjen. Med fest meina vi at skulen spandera chips, dip, cookies og cola kvar mandag for å ta i mot nye studenta. Idag var det ingen nye, så det betyr ingen fest. Bummer.

Vi brukte heller lunsjen på å planlegge en tur til Las Vegas ilag med Sandra fra France og Diana fra Sveits. Vi begynne no å sjå at det kan bli for dyrt, så vi må tenke litt meir på det. Greit nok, vi kan ikkje spele på casino, men det er mykje anna å gjere på. Er jo litt dumt å ikkje reise dit når vi likevel er så nærme. Likevel, Kamilla prioritera Wisteria Lane forran Grand Canyon. Kanskje vi kan klare begge to? Vi ser.

I dag regna det katta og hunda. Sandra blei med oss for å søke ly i UTC. I shoppebyen er himmelen alltid blå. For kvar gang vi er der legg vi merke til nye butikka vi ikkje har sett før. Surfebutikken var toppen av kransekaka. Mannen bak disken prøvde å få augekontakt med meg bak stabelen av kleda eg la på disken. Smilehola kom til syne og han spore fint om eg skulle ha alt det der.

Etter pizza tok Steven oss med til Wal Mart for å kjøpe et par ting. Nåke som endte med guiding og en ekstra tur til Target.





Kamilla: "HEY, look at this!"
Steven: " Are u kidding me, K- girl?"
Kamilla: " Can I try it on?"
Steven: "Hey Mojo, u gotta take a picture of this"


Guiding in the city of Walmart.


UTC. Skulle berre gå forbi, men vart ståande å sjå på desse dyktige småtrolla.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar