Hating and loving Fridays
Vi fekk beskjed om å komme i gode sko, ta med solkrem og vere forberedt på en gåtur. Hørtes ut som om vi skulle på fjellet, men vi skulle berre gå et lite stykke nedover mot havet. Nede ved La Jolla Shores ligg Museum of Contemporary Art. Interessant nok. Kunstverket vi likte best var dei store vindauga som viste utsikta ned mot havet. Såg ut som eit heilt vanleg stort vindaug, men det var svære firkanta hol på kvart hjørne og i midten. Bra oppfinnelse.
Det var likevel ikkje så mykje kunstnerisk språk å høyre. Praten handla stort sett om telefonummer og msn- adr. Jepp, atter ein fredag har kome, og folk fra klassa skal forlate San Diego. Nokon for godt, mens andre kjem tilbake for å studere vidare. Difor kjem det til å bli litt stillare i klassa på mandag. "Goodbye, have a nice life, take care"
Jaja, vi håpa på maaange nye studenta på mandag.. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar