Etter å ha sove eit par, fem tima, var vi klare for å besøke SeaWorld. Mine bussplanlegginga gikk litt i vasken, men med den flaksen vi har når det gjelde buss, rakk vi det vi måtte. I og med at vi reiste i lag med skulen, og fikk billige bilettar, førte det til at ikkje alt var inkludert i prisen. Men det stoppa ikkje meg og Martha. Vi fekk med oss det vi ville få med oss. Tre forskjellige show, og ja, vi blei veldig imponert til slutt. Det er ganske fasinerande at eit menneske kan få så god kontakt med eit dyr, det er sånn du ser på film. Etter det siste showet var eg så fasinert at eg vurdera å få meg ein delfin som venn. Så viss eg tar med meg ein i kofferten, så ikkje bli skremt. Eg har faktisk alltid hatt lyst til å svømme med ein delfin, og hadde sjangsen i dag, men prisen stoppa meg. Alt i alt var det ein kjempeopplevelse, berre sjå på bildene.
Ellers har vi det fortsatt veldig bra ,og akkurat no har vi ein avslappande fredagskveld. Har ingen spesielle planar for helga, men noke finne vi sikkert på. Forresten, akkurat i det eg skulle publisere innlegget, oppdaga eg noke rart ved sida av meg. Martha ligge strekt ut i senga, med teppe over seg, kvit i heile trynet, med "agurka" på augene. Når eg snakka til ho sa ho berre "eg so slappa so godt av". Jaja, forskjellige måta å gjer det på.
No er det tid for litt avslappande musikk, der etter 10 tima søvn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar