søndag 1. februar 2009

San Diego Zoo

Ka er det egentli å ta seg til på ein søndag? Jo, i USA kan du gjer akkurat det du føle for. Så i dag bestemte vi oss for å reise til verdens største dyrepark. Det var noke anna enn dyreparken i Kristiansand skal eg sei deg. Først når vi kom, hoppa vi på ein to etasjes buss som råna rundt i heile dyreparken. Der fekk vi sjå alt fra sovande løve til klatrande apekatta. Det føltes akkurat som vi var midt inni jungelen, høge palmar og skrikande fuglar. Det mest fasinerande med heile dyreparken var gorillane. Eg såg meg sjøl i dei, dei er nett som eit menneske. Ein stor familie hoppa rundt og rulla på bakken, nett som Martha når ho er høg på kaffi. Uansett so va dyreparken ein stor opplevelse, you know, vi har aldri vert i Afrika før, eller Asia for den del.
Forresten, så reiste vi egentlig ilag med skulen, men det va berre til vi kom innafor dørene, då gjekk vi for oss sjøl. Det er sånn vi lika det.

All in all, så var det ein veldig avslappande og interessann søndag, men det beste av alt, veit du ka det var? Eg fikk ei bursdagskake på etterskudd. Den hadde 20 lys som eg og Martha, i lag, ikkje klarte å blåse ut. Det endte med at det vart røykfullt på heile kjøkkenet. Uansett so vart det ein koselig bursdagsfest:)

Følgande kjem bilder fra dyrehagen, sjå for noken fasinerande dyr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar