Mine to investeringar i USA: MacBook og UGGs. I dag var det skoa sin tur. Etter fire tima på skule, litt mat og ein liten powernap for Martha sin del, tok vi turen til Boot World. Der fann eg skoa mine, men selfølgelig med min flaks, hadde dei ikkje størrelsen. Men med ein snill mann bak disken, ordna det seg. Eit par telefona og eg kan kjøpe skoa på torsdag. Lucky me:)
Ellers vil eg kalle denna dagen for ein "veit-ikkje-ka-dag". Begge to er i tirsdags modus. Trøtte etter helga og klar for neste helg. Lei av både regn og sol på ein gang, og ser fram til torsdag når sola har lovd å varme dei bleike kroppane våre.
I og med at vi henge inne stort sett heile ettermiddagen, hadde Steven med seg ein DVD-spelar fra jobb. Han kom som eit vindkast inn døra og slengte den på bordet. Etter litt leiting etter kablar var både spelaren og TVen på plass. All den jobben for at vi kan sjå Frustrerte Fruer på senga kvar søndag. Trur ikkje vi kjem til å bruke den så masse, men det var no ein god tanke. Martha er ikkje akkurat eit film menneske.. Ho likar heller å vaske golv fann eg nettopp ut. Ho ligge på alle fire og skrubba. "Her etter skal ikkje hunden inn på rommet", fekk eg beskjed om. "Den reke!! "
No får vi prøve å gjer noke med trøttheten, legge oss før midnatt var ein ganske god ide.
Ha ein fin dag alle sammen:)
tirsdag 17. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar