tirsdag 27. januar 2009

America is all about glamour and fashion

"You can't educate me to equal opportunity"

På veg til skulen må vi skifte buss ved UCSD - University California San Diego. Store , mektige, lyse bygningar og parkar der studentar ventar på bussen, eller les under eit tre, prega området. Sidan det var ganske kaldt i dag tidlig, stod dei fleste og trippa ved vegen i håp om at bussen var like rundt kvartalet. Kamilla satt seg på benken, mens eg trippa et par steg oppover og knaska i meg resten av frukosten mens eg såg opp på det medisinske fakultetet.

Eg såg han dagen før og. Utifra utseende, ein hardtarbeidande mann med opprinnelse fra Afrika. Vernehjelmen var allereie på, og jakka minna om det norske militæret. Han kom nærmare, og stoppa rett ved sida av meg og smilte vennlig. Smilet var krittkvitt, men mangla framtennene. Han vendte seg mot dei store bygningane og sa : " You can't educate me to equal opportunity. It is all about money, u know. America is all about money." - " U agree?"
Sa eg ikkje hadde erfart det sjølv, men at det kunne stemme utifra det eg visste fra før av. Han vart stille, og såg ned i bakken. Lenge.

Han trudde ikkje det kom til å bli bedre med det samme. "It is the system that is wrong. They gotta clean up in the back yard before it gets better. U know girl, america is all about glamour and fashin. U can't educate me to equal opportunity. " Eg fekk sansen for han. Han hadde et godt poeng. For folk flest handlar ikkje USA først og fremst om etikk og moral. Råskapen herja. Desverre, trur eg at han har rett.. Bussen kom, og enda en dag med dollarteikn i front hadde starta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar