Walk of Fame - Ein heilt vanleg lørdags formiddag
Hollywood Walk of Fame er fortaua langs gatene Hollywood Boulevard og Vine Street i Hollywood. Her finn du dei kjente svarte brosteinane med rosa stjerner på. Dersom du får namnet ditt på ei slik stjerne, har du gjort det bra! Stjernene fungera som utmerkelsar innan ulike underholdningsbransjar. Så, på stjerna står det namnet ditt + kva slags bransje utmerkelsen gjeld. Men, her kjem haka! Du må bli invitert til å få ein slik utmerkelse (av ein samansatt jury), og etterpå må du betale ca $10 000 (trur det er så mykje, korrekt meg viss nåken veit meir nøyaktig!). Og ikkje minst, du MÅ møte opp til din eigen seremoni. Første stjerna blei gitt til Johanne Woodward i 1960, og det er fortsatt nokre ledige! Løp og kjøp!
Kjente figurar og karakterar lokkar deg nærmare i det du spaserer nedover. Det er som regel berre ein av kvar, men det skjer at det er tre eksemplar av Marilyn Manroe. Det morsomme er at ingen har betalt dei for å vere der. Dei leve på tips fra glade turistar. På ei fin sommerdag kan dei tene opp til $40 timen på berre å stå der.
Samtale på bussen mellom kunde og guide:
Gammal dame: På Walk of Fame..Kven skulle ho dama i kvit kjole og rød leppestift forestille?
Guiden Brian: Det var nok Marilyn Manroe!
Gammal dame: Før eller etter ho døde?
Japp. Er ikkje alle som er like heldige med kostymet. Ein ting er sikkert, alle har gjort sitt beste!
Der var "Joker" og!
Framfor Chinese Theatre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar