Ho var aktiv under andre verdskrig, men no ligg ho berre å kvila seg i havna vest for Downtown.
Turistattraksjon uten like. $13 og du kan gå ombord i dette skipet som ein gang var ledande i si klasse. Som bildet viser, det har og blitt ein liten "fest-båt" for svolten turista. Uansett, vi tok turen for å kike. Vi har bilen i 2 dagar til, så vi utnytta tida godt. Tenka ut kor vi ikkje har vore enda, og kjøra av garde. Etterpå reiste vi til halvøya Coronado. Er ein del av SD, men folk på Coronado seier at dei er fra Coronado, og ikkje SD. Fått inntrykk av at det er den litt bedre halvdelen av SD. Minna eigentleg litt om Beverly Hills fann vi ut. Vi suste vertfall rundt og berre tok livet med ro. Parkerte uttafor Coronado Hotell, som Kamilla fann ut var ein stor versjon av Kvikne. Flott historisk hotell som er prega av rike turistar og lommebøkene deira. Vi satt oss vertfall ned og tok oss ein drink før vi reiste vidare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar