mandag 23. mars 2009

Old Town er jo ny

Turist!
I dag har vi vore turistar. Det er Sandras siste veke, nåke som i seg sjølv er trist. Vi er invitert til France, og vi skal nok ta turen om ikkje så alt for lenge. Men uansett, det er alltid nåke ein berre må gjere før ein reise fra ein plass. Idag var det å reise til Old Town og sjekke ut gamle butikka med mykje handlaga og ikkje handlaga fine ting. Sidan Old Town er eit knytepunkt, har Kamilla og eg så langt berre vert på Old Town Transit Center. Var kjekt å sjå meir enn "buss nr 41". Haha, spesielt når vi har BIL. Kjem ikkje over kor digg det er å bruke 13 min til skulen i steden for 54.
Old Town er altså delen av byen der dei første bebyggelsane fann stad. Lokalisert sør for Mission Bay. Det er og ein svær kanal som går inn til Old Town. Vår kjære bror, RC, fortalte at da han var gutunge var Old Town den mest skumle plassen han visste om. Skittent strøk på mange måtar med andre ord. For nokre år sidan "pussa" dei opp bydelen, og fjerna det skumle. I dag kan det minne deg om ein Mexicansk Kardemommeby. Nokre gamle hus er der fortsatt, men dei har ingen funksjon, er mest for turistane sin del.
Denne veka er det varmt og solrikt her i byn. Har brukt ettermiddagen på stranda, i La Jolla (der vi går på skule) til ein forandring. Strendene minna litt om dei greske. Små og skjerma. Herlig. Bølgene derimot er av str. XXL. Berre pro surfera tørr å hersje med dei.
Legg ut to bilde fra lørdag.
Hos Vida



Sandra, Vida und Kamilla. Og ja, vi har fortsatt bilen. Sandra leiga den ei veke til , nåke vi rett og slett Elska <3>

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar