søndag 22. mars 2009

Søndag, søndag og meir søndag

Ja då var nok ei helg over og vi startar på vår niende veke.  Beklagar manglande blogginnlegg igår, men vi var for trøtte når vi kom heim fra downtown. Først reiste vi på vorspiel hos ei i klassen. Må jo ha det i og med at vi ikkje kan drikke når vi går ut. Reiste downtown og gjekk på ein av dei to plassane som e 18års aldersgrense. Var heilt greit egentli, men må sei at vi likar heimefestar bedre. Men no har vi prøvd begge plassane, og veit kordan det e. Konklusjonen til meg og Martha er at vi skal tilbake til California den dagen vi fyller 21:)
Sånn e no det. 
I dag har det vert ein alt for typisk søndag. Det vil sei at vi har gjort ingenting. Vi satt faktisk på Starbucks i tre tima, no kidding, og berre prata. 

jaja, planen for kvelden er lekser og frustrerte fruer:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar