Ja, eg må berre understreke det, her er det 25 grader og steikande sol. Eg er rød som ein tomat, men eg lika det bedre enn å vere kvit som ein snømann. Vi har tilbragt heile dagen på stranda, med masse masse sand og solkrem. Det er sånn vi likar det. Er ikkje så masse interessant å fortelle når vi stort sett berre har låge rett opp og ned. Men ein ting må nevnast. Etter å har hørt amerikanara rundt oss i over ein mnd, hoppa eg ein meter opp i fra bakken når eg hørte ein mann snakke svensk. Hadde tenkt å rope "hey, Sverige", men eg lot vær i og med at han sikkert hadde trudd eg va gal. Noke som Steven meina at eg er innimellom. I dag sa han eg såg ut som ein pirat fordi eg hadde eit skjerf på hove. Noke som forsovidt e ganske praktisk når du ligge i sola heile dagen. Men konklusjonen hans etter middagen va at vi er morsomme å ha i hus. I dag viste vi han typiske ting fra Norge, alt fra sognebunad til brunost. Eg sa eg skulle sende han ein brunost i posten til jul, han kjem aldri til å ete den, men det er no vert eit forsøk. I mårra skal vi forresten ta med norsk mat på skulen. Alle i klassen skal ha med noke fra sitt eige land. Det hadde vert perfekt om vi kunne hatt med pinnekjøtt eller fiskebolla, men i og med at dei ikkje har sånt her borte, endte vi opp med gulrotsalat. Det va og noke! Vi får sjå om noken ete det i det heile tatt!
Ellers sitte vi henslengt i kvar si seng, med kvar si bok, og Martha strekke nakken. Snart er det tid for å sove.
Til slutt: Mamma, trur Guna har skype på dataen, kan snakke med deg der ein dag. Der kan du sjå oss live på camera:)
Klem fra to solbrente jenter:)
Eg sneik meg nett inn for å kika:). Ser ut til at de har det knall. Høyrde Annie var litt stressa her ein dag pga. mangelfull oppdatering, hehe. God tur vidare- enjoy!!!
SvarSlettKlem HildT